netservices


Våre tenester

Luminated tilbyr i hovudsak tenester på tre ulike område:
Konsulentoppdrag, utviklingkurs og opplæring.

Konsulent­oppdrag

Me er involvert i både korte, frittståande oppdrag og lengre og større prosjekt. Dette involverer:

  • Planleggjing

  • Rådgjeving

  • Installasjon

  • Oppsett og konfigurasjon

Andre typar oppdrag:

Me tek i tillegg nokre kundestøtteoppdrag, databerging og slikt, men har ikkje kapasitet til, eller ynske om å tilby dét i stor skala.

Utvikling

Luminated er ikkje eit typisk utviklarfirma, men har likevel ein god del røynsle med oppsett av både backend (tenaroppsett, maskinvare osv.) og oppsett og utvikling av ulike content management systems (CMS). 

Webutvikling:

Me har både utvikla nettsider og løysingar sjølv (i Ruby, Python, PHP m.m.) og tilpassa, konfigurert og brukt mange ulike CMS og blogg-system.

Kurs og opplæring

Luminated har mange års røynsle med både utvikling av kurs og kursmateriale og til­rette­leg­gjing av ulike kurs og workshops.

Aktuelle tema:
  • Grunnleggjande og vidaregåande UNIX/Linux

  • macOS og macOS Server

  • UNIX/Linux shell­programmering

  • Systemadministrasjon på Linux

  • Nettverkstenester på Linux

  • Linux på IBM Power8

  • UNIX/Linux sikkerhet

  • OpenLDAP

  • DNS og BIND

Luminated har brei kunnskap i, sertifiseringar for og røynsle med å bruka og undervisa i alle dei store Linuxdistribusjonane (Debian/Ubuntu, Red Hat, SuSE m.m.).

NokRE AV VÅrE

Partnarar for tenester

Dette er ikkje såkalla affiliate links, linkar med bonus til oss, så nemn gjerne Luminated i eventuell direkte kontakt med dei:

Knæpp er et lite design- og animasjonsstudio, som hjelper deg å formidle historier folk husker. Vi elsker å få ting til å bevege seg. Uansett om det er en nettside, logo eller film.

Dyktig designer for nettsider, logoar m.m. Har laga Luminated-logoen. Luminated kan formidla kontakt med Daniel.

Eldar Gezalov er dyktig designer, instruktør og utviklar – som lager temaer, kurs og hjelper med utvikling i Blocs (web design app for macOS og iPad og iPhone)